Vi feirar 50 år i 2027 og tjuvstartar feiringa med eit storslått repertoarslepp i Scene 2. Her kan du sjå ein (bittelitt) nedklipt versjon, i fall du gjekk glipp av lanseringa eller likte den så godt at du vil sjå den igjen og igjen.
I videoen får du smakebitar på neste års framsyningar – og improteater på kjøpet. Vi plasserte den relativt ferske teatersjefen Aslak Moe i stolen og let Det Andre Teatret improvisere fram scener frå det indre og ytre livet hans. Kven er denne fyren som har tatt over sjefsstolen på Teater Vestland?!
Billettar til framsyningane finn du HER.