Thomas Seltzer om kunstig intelligens
KI: Godarta gigahjerne eller destruktiv dødsstjerne?
Verda står nå midt oppe i det som truleg er den største teknologiske revolusjonen nokosinne: Kunstig intelligens.
Kva skjer om maskinene blir smartare enn oss? Med velkjent glimt i auget og alvorsprega no-bullshit-tilnærming drar Thomas Seltzer opp dei politiske, økonomiske og sosiale konsekvensane av KI. Han deler idear om korleis vi som enkeltindivid og samfunn kan møte den altomfattande teknologien og den bekmørke ideologien den er grunnlagt på.
Etterpå møtest Thomas Seltzer og Finn Tokvam i sofaen til ein prat om språk og polarisering sett frå storebror USA.
Føredraget er ein del av nasjonal språkkonferanse med tittelen «Skal vi snakke om det?». Fullt program finn du HER.
Vi forstår at ikkje alle har tid og anledning til å få med seg heile programmet på språkkonferansen, og difor legg vi Thomas Seltzer sitt foredrag ut i ope sal. Få med deg A-kjendisen i Nynorskhuset for kr 200!
Språkkonferansen er arrangert av sambuarane i Nynorskhuset: NRK, Firda og Teater Vestland, saman med systersentera Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Nynorsk scenespråksenter.
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Speletid:
1 time
Billettpris:
200,–
Spelestad:
Teatersalen, Nynorskhuset