Lastar Hendingar

Gratis vising av PEER! Sunnfjord kulturskule

Velkomen til ei unik teateroppleving!

Sunnfjord kulturskule sine teaterelevar inviterer deg til ei heilt spesiell framsyning av Knut Nærum sitt stykke «Peer!».
I samarbeid med Teater Vestland, vil vi for første gong opptre i den nye, flotte teatersalen til Teater Vestland på Nynorskhuset.

«Ta vare på den tida du har. Et kokosbollar.»

– frå Peer!

 

«Peer!» er ei moderne og humoristisk gjendikting av Henrik Ibsens klassikar «Peer Gynt». Knut Nærum har korta ned originalen og gjort den meir tilgjengeleg, med fokus på humor, musikk og enkle dialogar.
Opplev kjende scener som Peers møte med Dovregubben og hans eventyr i Egypt, alt presentert med ein god dose latter og musikk.

Framsyninga vil også ha live musikk framført av kulturskuleelevar, med støtte frå lærarar. Scenografien og plakaten er utarbeidd og laga av våre kunstelevar.
Vi er stolte over å ha skapt ei framsyning som knyter saman alle våre kulturskuletilbod!

Dette er ei framsyning som passar for både store og små (frå 5 år), og vi lovar ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

 

Datoar:

  • Tysdag 20. mai – Gruppe 3 og 4
  • Onsdag 21. mai – Gruppe 1 og 2
  • Torsdag 22. mai – Gruppe 5 og 6
  • Fredag 23. mai – Teater Vestland Ung + gjestar frå gruppe 2 og 6

Tidspunkt: Alle dagar kl. 18.30

Stad: Teatersalen, Teater Vestland, Nynorskhuset

Gratis inngang: Billettar må reserverast

Teatermeldingar

Pressefoto

Kunstnarleg lag

Sunnfjord kulturskule ved Greta Pemberton

Speletid:

Ca 60 min.

Billettpris:

Gratis,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

20.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

21.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

22.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

23.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen