Spelet om livet
Improteater om naboen din
Vi har invitert Det Andre Teatret til å reise rundt i grendehus i Vestland og feire kvardagsheltane våre, dei som alltid stiller opp og er med og formar bygdene. Éin gjest på kvar spelestad blir intervjua om både det indre og ytre livet sitt, og så improviserer skodespelarane fram scener.
Nesten som om livet går i revy.
Spelet om livet – Lifegame® gjestespel frå Det Andre Teatret kombinerer talkshow og teater utan manus, eit konsept utvikla av improvisasjonspioneren Keith Johnstone.
GJESTENE
Kvardagsheltane er nøye utvalde på førehand. Skal vi endeleg få svar på kva som skjedde den gongen grendelaget si grillhytte brann ned? Kva er det eigentleg naboen din tenker – og kva fryktar han mest av alt?!
LYS I BYGDA
Sogn og Fjordane-delen av turneen er sponsa av eit billettfond frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane. Det betyr at spelestadene i Sogn og Fjordane beheld alle billettinntektene sjølve. Vi kallar det Lys i bygda.
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Spelet om livet – Lifegame® gjestespel frå Det Andre Teatret
Av Keith Johnstone
MEDVERKANDE: Magnus Aasheim, Helene Abrahamsen, Håvard Gressum Antonsen, Mats Eldøen, Camilla Frey, Ingvild Haugstad Gundersen, Mats Holm, Per Myrstad Kringen, Preben Lillebø Rongve, Eirik Skarsbø og Andreas Tønnesland
Det Andre Teatret er Noregs største improteater, og gjengen har markert seg både på film, tv og teater. Dei stiller med forskjellig ensemble frå gong til gong.
Speletid:
2 timar (inkl. pause)
Billettpris:
Frå 150,-,–
Spelestad:
Nynorskhuset og turné i Vestland fylke