Lastar Hendingar

Riksteateret: Prima Facie

Engasjerande, sterkt og rørande! Publikum og kritikarar er einige om at «Prima Facie» frå Riksteatret og Nationaltheatret er vinterens sterkaste teateroppleving.

Møt Tessa! Ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.

Ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho møter seg sjølv i døra. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp frå den andre sida av rettssalen.

«En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden (…) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft»
Aftenposten 6

«Vinterens sterkeste teateropplevelse»
Dagsavisen 6

«Skuespillerkunst i særklasse (…) Maria Kristine Hildonen spiller ut en Tessa med kraft og vilje, kynisme og sjarm, alltid med full kontroll (…) Hun er knallgod, punktum»
Adresseavisen 6

«Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke»
NRK 5

 

Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første øyekast.
Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin seiersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheit til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.

Med Maria Kristine Hildonen og musiker Elisabeth Mørland Nesset. Regi Maren E. Bjørseth. Musikk Sjur Miljeteig.

Sjå trailer, intervju, bakgrunnsartiklar og les meir om «Prima Facie» på Riksteatrets nettsider:
www.riksteatret.no/prima-facie/

 

Framsyningslengde: 1 time 45 minutt (ingen pause).

Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.

Teatermeldingar

Pressefoto

Kunstnarleg lag

Med Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset.
Av Suzie Miller
Regissør Maren E. Bjørseth
Scenograf og lysdesigner Norunn Standal
Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten
Komponist og lyddesigner Sjur Milijeteig
Koreograf Magnus Myhr
Produsent Silje Vigerust Vinjar
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

PRIMA FACIE ble første gang vist 17. mars 2019 på SWB stables Theatre i Sydney, produsert av Griffith Theatre Company. Fullmakten til denne produksjonen er gitt gjennom avtale med The Agency London.

Teaterforlag: Nordiska ApS

Speletid:

1 time 40 minutt

Billettpris:

Frå kr 364,–

Spelestad:

Nynorskhuset, Teatersalen

Billettar

20.03.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen