Repertoarslepp 2027
Nesten som ei vanleg lansering, berre litt gøyare!
Vi har miksa nokre av dei beste ingrediensane vi veit og laga ei skikkeleg festkake av eit repertoarslepp for 2027, året vi rundar 50!
Korleis kan vi forstå oss sjølve gjennom å sjå på fortida – både den fjerne og den nære?
Du får smakebitar på dei ulike framsyningane du kan oppleve i jubileumsåret, mellom anna to nyskrivne musikalar om markante, vestnorske kulturpersonar. På menyen står elles ein god porsjon korsong, og som gjest får du også stor rabatt på teaterbillettar.
Til slutt kjem desserten: improteater på kjøpet.
Vi har invitert Det Andre Teatret til å reise rundt på grendehus og feire kvardagsheltane, dei som alltid stiller opp og er med og formar bygdene våre. Eldsjelene blir intervjua om hendingar frå det ytre og indre livet sitt, og så improviserer skodespelarane scener baserte på det som blir fortalt.
Denne kvelden set vi den relativt ferske teatersjefen Aslak Moe i stolen. Kven er denne fyren frå Trondheim med plettfri nynorskpenn, og kvifor vel han å fortelje akkurat desse historiene i 2027?
Kom og bli med, så skal du få svar. Det blir garantert ikkje sukkerfritt.
Arrangementet er gratis, men du må hente deg ut fribillett. Avgrensa tal plassar!
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Speletid:
ca 75 min
Billettpris:
GRATIS,–
Spelestad:
Scene 2, Nynorskhuset