RaspeKlubb
Den andre utgåva av RaspeKlubb står snart for døra!
Dette er Sunnfjord sin versjon av suksessane Tuvas Blodklubb i Oslo og Klubb Komle i Bergen, med dansbar husmannskost i klubbformat!
Konseptet trekker fulle hus i byane. Det er ein miks av krasjkurs i folkedans og klubbstemning på dansegolvet – ein heilkveld i lag med gode venner (du enno ikkje har fått).
Denne kvelden kan du oppleve alt frå reinspikka hardingfelemusikk, munnharpe med effektpedalar, trekkspelmusikk du kanskje ikkje visste at du elska, og DJ med folketechno i bagasjen.
Kvelden startar med lynkurs i folkedans med Ragnhild som lærer deg enkle trinn og vendingar som du kan ta med deg vidare inn i klubbnatta. Eller du kan hive deg utpå og danse nett slik du vil. Du treng verken forkunnskapar eller dansepartnar.
Medverkande denne kvelden er Synnøve S. Bjørset, Geir Marius Torud, Indre Sunnfjord spelemannslag, Even Westeng, DJ Sissyfus og Ragnhild B. Vassbotn.
RaspeKlubb er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Teater Vestland og Indre Sunnfjord Spelemannslag.
Klubben 30. oktober er òg i samarbeid med FolkOrg som del av prosjektet “Dansen som sosial møteplass».
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Speletid:
4 timar
Billettpris:
Frå 150,-,–
Spelestad:
Scene 2, Nynorskhuset