Lastar Hendingar

Pulserande hjarteauge

Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing frå forfattar Katrine Sele. Pulserande hjarteauge er ei dramatisering av kapittelet der Katrine fortel om Aron. Han er ein av dei første som held rundt Katrine etter skilsmissa, men er det eigentleg dette Katrine leiter etter?
Nynorsk scenespråksenter viser 19. november klokka 19 ei arbeidsvisning av denne dramatiseringa. I samarbeid med regissør Jeff Pedersen og forfattar og dramaturg Katrine Sele skal dei framstille den sårbare og personlege historia om kjærleik og forsøket på å ikkje miste seg sjølv.
Om boka Menn som nesten elska meg:
Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Kunstnarleg lag:
Av Katrine Sele (også dramatikar)
På scena: Marie Berg, Jørgen Drageset Dydland, Idunn Gismerøy Ekker,
Hedda Kjellaugsdotter Sandnes
Regi: Jeff Pedersen
Teknisk: Andreas Lyngstad Grov

Speletid:

ca 1 time

Billettpris:

GRATIS,–

Spelestad:

Scene 2, Nynorskhuset

Billettar