Lastar Hendingar

Gratis visning av amatørteater

Amatørteatergruppa på Teater Vestland inviterer til opa visning på Scene 2 i Nynorskhuset.
Dato: måndag 19. mai
Tidspunkt kl. 19.00-20.00.

Amatørteatergruppa til Teater Vestland har jobba med utdrag frå Spoon River Anthology, og no opnar dei dørene og inviterer deg til å sjå kva dei har arbeidd med denne våren.

I Spoon River Anthology møter du dei avdøde innbyggjarane i den vesle byen Spoon River – som endeleg får høve til å fortelje sine historier. Verket er ei kjend diktsamling, skriven av Edgar Lee Masters, der kvar tekst blir framført av ein avdød, tidlegare innbyggjar i Spoon River. Vi får oppleve korleis dei ser tilbake på den mest viktige augneblinken i livet sitt.

Vi får høyre om kjærleik, frykt, smerte og sorg – og korleis desse sterke kjenslene har vore med på å forme identiteten til landsbyen Spoon River.

Dikta viser oss kor sterkt vi som bur i små lokalsamfunn påverkar kvarandre, og kor mykje vi har å lære av dei som har gått føre oss. Gjennom gripande, vakre og ærlege monologar deler dei sine liv, lyster, løgner og lengslar. Eitt og eitt menneske stig fram frå grava og svarer på spørsmålet: «Om du kunne dele éin tanke, eitt augneblink, etter døden – kva ville det vere?»

Arrangementet er gratis og ope for alle. Kom og få ein smakebit på denne vakre og tankevekkjande teksten, framført av engasjerte amatørskodespelarar.

 

Teatermeldingar

Pressefoto

Kunstnarleg lag

Instruktør: Jeff Pedersen
Foto: Jostein Vedvik

Speletid:

Ca 1 time

Billettpris:

Gratis ,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

07.05.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

07.05.2025 19:00

Det Vestnorske Teateret, Bergen

08.05.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

08.05.2025 19:00

Det Vestnorske Teateret, Bergen

09.05.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

09.05.2025 19:00

Det Vestnorske Teateret, Bergen

10.05.2025 18:00

Det Vestnorske Teateret, Bergen

20.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

21.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

22.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

23.05.2025 18:30

Nynorskhuset, Teatersalen

21.06.2025 13:00

Kinn

21.06.2025 16:30

Kinn

22.06.2025 15:00

Kinn

19.09.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

20.09.2025 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

26.09.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

27.09.2025 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

03.10.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

04.10.2025 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

17.10.2025 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

18.10.2025 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

25.10.2025 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

15.11.2025 16:00

Nynorskhuset, Teatersalen

18.11.2025 19:00

Åsane Kulturhus

19.11.2025 18:00

Bømlo Kulturhus

20.11.2025 18:00

Sandnes Kulturhus

21.11.2025 18:00

Sandnes Kulturhus

22.11.2025 17:00

Sandnes Kulturhus

23.11.2025 13:00

Sandnes Kulturhus

26.11.2025 18:00

Skakke, Etne

27.11.2025 18:00

Kulturhuset Husnes

28.11.2025 18:00

Oseana

02.12.2025 18:00

Årdal Kulturhus

03.12.2025 18:00

Sogndal Kulturhus

04.12.2025 18:00

Trivselshagen, Sandane

06.12.2025 17:00

Stryn Kulturhus

07.12.2025 16:00

Nynorskhuset, Teatersalen

16.12.2025 18:00

Operahuset Nordfjord

17.12.2025 18:00

Nordfjordhallen, Måløy

18.12.2025 18:00

Florø Kulturhus

19.12.2025 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

20.12.2025 16:00

Nynorskhuset, Teatersalen