Lastar Hendingar

NATT PÅ TEATERET

Saman med Førdefestivalen lagar vi Natt på teateret. Det blir festivalstemning i Nynorskhuset til langt ut i dei seine timane. Du vandrar mellom konsertar i Teatersalen og på Scene 2, via foajescena og andre krikar og krokar der det er plass til éin musikar eller fem. Det blir dansing, mingling og mat og drikke både inne og ute på Røyst mat & vin. 

KVELDENS ARTISTAR:

Caamaño & Ameixeiras har kome som eit friskt pust inn på folkemusikkscena. Sidan oppstarten i 2018 har duoen hatt stor suksess med sin moderniserte og personlege versjon av folkemusikk og -dans frå Galicia, Spania.

Samiske Áhpparas blandar tradisjonell joik med moderne uttrykk som elektronika og pop. Det blir garantert kok på dansegolvet.

Jawa frå Syria har gjort det til sitt oppdrag å ta vare på den vakre og spirituelle sufi-musikken under vanskelege kår i det krigsherja landet. Ein dansar, kledd i langt skjørt, går rundt og rundt sin eigen akse i det som tradisjonelt er ein meditasjonspraksis.

El Pony Pisador frå Catalonia, Spania er yndlingar på worldmusic-festivalar verda rundt. Kvintetten dreg fram det eine instrumentet etter det andre. Samspelet gnistrar, og konsertane endar som regel i ein stor dansefest.

Lokale musikarar i Indre Sunnfjord Spelemannslag speler norsk folkemusikk på tvers av generasjonane.

Studentar frå Norges musikkhøgskole tar tempen på den norske folkemusikken.

Dørene opnar kl 22.00 
Aldersgrense 18 år

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Speletid:

3 timar

Billettpris:

Frå 200,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

02.07.2026 22:30

Nynorskhuset