Lúkk opp, lúkk opp
Tillaup til ein Torsheim-musikal
Kjende og kjære karakterar frå låtuniverset til Oddvar Torsheim møtest på kroa Gidi-Sjapp langt bort i hutaheiti: Larris, Galningen, Harry, Solveig og Mariann.
Det er ein av teknikarane ved teateret, Kristoffer Nicolaysen Melsæter, som har late seg inspirere av Torsheim sine tekstar og låtar, og skrive denne musikalen.
Uvêr tvingar dei til å søke ei trygg hamn i baren til Solveig, og der må dei bli til sola står opp neste dag. Vil dei klare å setje døra på gløtt og sleppe kvarandre inn? Får dei sjå ein flik av paradis i vargtimen?
LÅTANE
Låtane til Oddvar Torsheim er lausleg baserte på Bob Dylan og Beatles og er for mange lyden av vestlendingen si sjel. Det viktigaste er at dei blir framførte med TRØKK, seier kunstnaren sjølv.
AMATØRTEATER
Amatørteatergruppa ved Teater Vestland har begeistra publikum før, mellom anna i “Du er perfekt, men…” og “Spoon River Anthology”. Her gyv dei laus på materialet til ein av dei verkeleg store kulturpersonane i Vestland.
Saman med teatersjefen vår Aslak Moe, musikaren Harald Dahlstrøm med sitt B3-orgel, og nemnde Melsæter på skisselys og prøverekvisittar, har dei utforska materialet. No møter eit augeblinksbilete av denne prosessen dykk, kjære publikum. Om de likar det de ser, kan det fort bli meir.
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Av Kristoffer Nicolaysen Melsæter
Songtekstar Oddvar Torsheim
Kunstnarleg leiar Aslak Moe
Musikar Harald Dahlstrøm
Skisselys og prøverekvisittar Kristoffer Nicolaysen Melsæter
MEDVERKANDE: Alf Jørgen Bråtane, Trude Mari Christensen, Mariann Espedal, Ingunn Helene Fleten, Bård Honningsvåg, Kurt Midtbø, Ragnheid Paulsen, May Britt Prestegård, Veronica Vikne og Mai Kristin Tidemansen,
Speletid:
ca 75 min
Billettpris:
150,–
Spelestad:
Nynorskhuset