Juksa litt
Velkommen til ein musikal om Ingrid Espelid Hovig!
Kven var dama som gjorde persilledusken til allemannseige og fekk ein heil nasjon til å samlast rundt fjernsynsapparata?
Vil du forstå Ingrid, må du begynne med Vestlandet og dialekten!
På jobbintervju i NRK kom ho inn i eit rom fullt av dresskledde herrar!
Barnløysa! Ho kompenserte med å bli heile Noreg si bestemor.
Det finst ein del teoriar, men sjølv brukte ho ikkje så mange kaloriar på slikt. Det er moro med mat, ville Ingrid seie, sunn mat er gode råvarer som folk har råd til og faktisk kan finne i butikken. Med kunnskap, varme og litt juks lærte ho generasjonar av nordmenn å lage mat – og å våge seg på noko nytt.
MUSIKAL
Klart vi må ha musikk for å få forteljinga om Ingrid på kok. Skodespelarane trakterer instrument som trombone og bass, og det blir ein salig og næringsrik lapskaus av lettfordøyelege tonar frå 60-talet, ballade om innmat og ein lovsong til det å vaske opp.
TV-HISTORIE
Frå 1964 til 1998 var Fjernsynskjøkkenet eit av dei desidert mest sette programma på NRK. Generasjonane samla seg rundt tv-skjermen, etter kvart i fargar og stadig fleire tommar. Kom i teateret og møt att éi du kanskje har gløymt at du saknar. Kom for å bli betre kjend med ein av dei viktigaste vestnorske kulturpersonane i det tjuande hundreåret.
Fleire speleplassar kjem snart!
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Av Klas Abrahamsson
Regi Aslak Moe
Scenografi og kostymedesign Vasylyna Kharchevka
Musikalsk ansvarleg Kato Ådland
Medverkande: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen mfl.
Musikalen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.
Speletid:
2 timar (inkl. pause)
Billettpris:
Frå 320,–
Spelestad:
Nynorskhuset og turné i Vestland fylke