HOPE, hurper og heltinner
Eit historisk humorshow!
Basert på Marta Breen si bok «60 damer du skulle ha møtt» blæs Christine Hope liv i dei mest banebrytande kvinnene i Noreg. Med masse humor tek ho deg med på ei reise gjennom historia til fleire pionerar som kjempa og bana veg i ei tid som aktivt motarbeidde dei.
Dette er historier om mot og motstand.
Med raske sceneskift, ulike dialektar og rollefigurar gjer Christine historia levande og overraskande aktuell. Her får du møte føregangskvinner slik du aldri har sett dei før.
«Hope, hurper & heltinner» er den ultimate framsyninga for alle generasjonar – eit morosamt, hjartevarmt og augeopnande show som fengjer absolutt alle, uansett kjønn og alder. Christine byr på ein kveld med både ny kunnskap, latterkrampe og refleksjon. For du kan like gjerne lære noko medan du ler!
Anmelderne seier:
- «Drømmekombinasjon av læring og latter» – BT
- «10 av 10 match» – BT
- «Et historiografisk mesterverk» – Instakritiker
- «En forestilling for alle kjønn» – Instakritiker
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
- Christine Hope: Tekst, dramaturgi og skuespiller
- Cecilie Mosli: Tekst, dramaturgi og regi
- Anne Lise Tollefsen: Kostymedesign
- Marte Synnevåg: Rekvisita
- Eili Bråstad: Videodesign
- Ann Terese Aasen: Koreografi
- Produsent: Ole Bull Scene og Christine Hope
- Produsentbistand: Syv Mil AS
- Støttet av: Bergen kommune og Fritt Ord
Speletid:
ca 75 min
Billettpris:
Frå 320,–
Spelestad:
Nynorskhuset