Lastar Hendingar

Den dagen Nils Vik døde

«Litterært gull! Terningkast 6 til årets Brageprisvinner» VG

Urpremiere i Førde 

Som det første teateret i landet tar Teater Vestland Nils Vik til scena. Stykket har urpremiere i Nynorskhuset i august, før det skal på turné til grendehus i Vestland og til Bergen som gjestespel på Det Vestnorske Teateret. 

Ein småsur novembermorgon dreg skysskaren Nils Vik på ei siste reis ut fjorden. Motoren går som alltid, litt stotrande og sta, akkurat som han sjølv. Hjartet slår i takt med båten han har levd med heile livet. Dette er ikkje berre ein tur. Det er finalen.

Frå loggbøkene strøymer folk fram som gamle spøkelse med gode historier: passasjerar i storm og stille, kåte ungdommar, tause gamle karar og alle dei rare, fine og litt skakke eksistensene han har frakta over fjorden gjennom eit heilt liv.

Luna, hunden med doble sjøbein, kjem logrande. Og der, i horisonten, ventar ho. Kona. Kanskje den viktigaste passasjeren av alle.

Dette er ei forteljing full av liv, latter, lengsel – og litt diesel.

Nils Vik er frå ei anna tid. I dag kan vi handle middag, sjå ein serie og legge oss utan å snakke med eit einaste menneske. Så kom i teatret. Få salt i håret, litt varme i brystet og ein solid dose menneskeleg kontakt. For ja: Einsemd er like farleg som å røyke 20 sigg om dagen. Denne framsyninga er mykje sunnare.

Sagt om boka: 

«At en død hund kan snakke, virker som den mest naturlige ting i verden. Det er godt gjort.» AFTENPOSTEN

«Med kjærleiken som lede­stjerne let Frode Grytten reisa mot døden blir ei feiring av livet.» NRK 

«Lengselen etter ektefellen er motoren i en roman som løfter frem det helt vanlige livet på en ualminnelig betagende måte.» AFTENPOSTEN

Frå bok til teater:

Frode Grytten er grådig god på å teikna treffene mini-portrett av folk. Den dagen Nils Vik døde har vunne både Brageprisen og Bibliotekets litteraturpris, og den dukka opp på mangfaldige lister over årets beste romanar då den blei utgitt i 2023. Boka er selt til meir enn tjue land. 

Birgitte Strid har regi og scenografi. Vår eigen teatersjef Aslak Moe har dramatisert boka for scena. Gard Gitlestad har lysdesign, og på scena står Kyrre Eikås Ottersen. 

Av Frode Grytten
Dramatisert av Aslak Moe
På scena Kyrre Eikås Ottersen

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Regi, scenografi og kostymedesign Birgitte Strid
Lysdesign Gard Gitlestad
Lyddesign Kato Ådland

Speletid:

1 time og 25 minutt

Billettpris:

Frå 180,–

Spelestad:

Nynorskhuset og turné i Vestland fylke

Billettar

28.08.2026 19:00

Nynorskhuset, Scene 2

29.08.2026 18:00

Nynorskhuset, Scene 2

08.09.2026 19:00

Askvoll Samfunnshus

09.09.2026 19:00

Svelgen Samfunnshus

10.09.2026 19:00

Aldaheim, Olden

11.09.2026 18:00

Trudvang, Oppstryn

16.09.2026 19:00

Ungdomshallen Odda

18.09.2026 19:00

Holmatun

19.09.2026 18:00

Kongshall

22.09.2026 19:00

Balestrand Bygdahus

23.09.2026 19:00

Skogly, Kaupanger

24.09.2026 19:00

Lærdal kulturhus

25.09.2026 18:00

Flåm Samfunnshus

26.09.2026 18:00

Viksdalen Skule

29.09.2026 19:00

Florø

30.09.2026 19:00

Byrknes Samfunnshus

01.10.2026 19:00

Trudvang i Fjaler

02.10.2026 19:00

Nynorskhuset, Scene 2

03.10.2026 18:00

Nynorskhuset, Scene 2