Lastar Hendingar

Bukkane Bruse på badeland

Velkommen om bord på badebussen!

Bukkane Bruse er som vanleg på veg til seters for å gjere seg feite. Men så får dei auge på eit skilt: Badeland.

Hmmm, tenker bukkane. Er det ikkje på tide å lære noko nytt? Og kanskje kan dei sleppe unna trollet som lurer under brua også?

I badeland er det gøy. Dei kan plaske og sprute og suse ned den lange sklia dagen lang. Men så dukkar trollet opp. Å nei! 

Trollet har følgt etter dei til badeland, for kva er vel vitsen med å sitje åleine under brua og vere skummel, viss ingen blir skremt? Trollet har ein plan. Skal han endeleg klare å lure dei inn i det store gapet sitt?

MEIR OM STYKKET

Vi lagar sjarmerande figurteater for hovudscene med alle dei kjende og kjære figurane frå barneboka til Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund. Figurane er laga på teateret sine verkstader, og fem skodespelarar gir liv til dei, så alt av saum og pels trugar med å rakne.

Ta med deg ungane og opplev eit fargerikt univers med masse song og leik. Familieframsyninga passar for alle frå 3 år og oppover.

Fleire speleplassar kjem snart!

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund
Musikk Martin Smidt
Regi Bård Bjørknes
Scenografi og kostymedesign Vasylyna Kharchevka
Lysdesign Rolf Christian Egseth
Ansvarleg for figurutforming Joanna Szczypka

MEDVERKANDE: Irene Nessa Bjørnevik, Idun Losnegård, Hanna Margrete Muir, Annie Dahr Nygaard, Kyrre Eikås Ottersen

Speletid:

45 min

Billettpris:

Frå 280,–

Spelestad:

Nynorskhuset og turné i Vestland fylke

Billettar

19.03.2027 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

20.03.2027 16:00

Nynorskhuset, Teatersalen

31.03.2027 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

01.04.2027 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

16.04.2027 18:00

Sogndal Kulturhus

21.04.2027 18:00

Nordfjordhallen, Måløy

23.04.2027 18:00

Florø Kulturhus

24.04.2027 16:00

Nynorskhuset, Teatersalen