Arbeidsvisning med Nynorsk scenespråksenter – Nære relasjonar
Visninga er gratis, men vi ber alle om å hente ut billett
På scena ser du Nynorsk scenespråksenter sitt kull 2, beståande av skodespelarane Margrethe Grodås, Kjetil Solberg Stavenes, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen og Petter Westlund. Saman har dei gjennomført det 14 veker lange kurset i dialekt- og språkovergang ved Teater Vestland, og avsluttar nå med ei visning for dykk! Med seg på regi har dei regissør Øyvind Osmo Eriksen.
«Nære relasjonar» vart i 2023 sett opp ved Det Norske Teatret med Marie Blokhus på regi. 19. november får du skodespelet til den lokale forfattaren i ny drakt på Nynorskhuset!
Om sceneteksta av Vennerød:
Are møter Kine. Kine har hatt mange dårlege forhold, og Are ønsker å gjere henne trygg. Dei flyttar saman og alt ser ut til å gå bra. Da Kine slår første gongen og dei blir forsonte etterpå, får han kjensla av at han aldri har vore så nær nokon før.
«Nære relasjonar» viser kor vaklande maktbalansen i eit forhold kan vera, og korleis grenser kan bli forskyvde, umerkeleg og på kostnad av eigen integritet.
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Manus: Maria Tryti Vennerød
Regi: Øyvind Osmo Eriksen
Medverkande: Margrethe Grodås, Kjetil Solberg Stavenes, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Petter Westlund
Speletid:
Ca 45 min
Billettpris:
Gratis,–
Spelestad:
Nynorskhuset
