Lastar Hendingar

Å høyre heime i eit landskap

Rom for ord og Teater Vestland inviterar deg til å ta lunsjen saman med oss!
I denne litterære samtalen møter fagleiar ved Hamsun-senteret, Alvhild Dvergsdal sauebonde og forfattar Tore Kvæven frå Sirdal. Kvæven har hausta strålande kritikkar for sin siste roman «Eit spor til endes». Boka skriv seg inn i ein litterær tradisjon der landskapet ikkje berre er ein kulisse, men ein føresetnad for livet vi kan leve der.

Tradisjonen har røter tilbake til Knut Hamsun sitt storverk Markens grøde. Her møter vi Isak Sellanraa som finn meining, eigenverdi og eksistensiell tryggleik i det harde arbeidet med jorda.  I Tore Kvæven sin roman er forholdet til naturen kanskje meir sårbart og prega av ei erkjenning av at menneska er små i møte med dei store naturkreftene:

«Du kan gå eit heilt liv gjennom denne fjellheimen. Og likevel vil det ukjende alltid finnast her», seier hovudpersonen Torstein Vatnedal når den vide fjellheimen byrjar å krevje meir enn han gjev.

I ei tid prega av klimakrise, teknologisk framandgjering og ei kjensle av tap, kan vi minne kvarandre om at vi framleis omkransa av naturen og gåvene som finst der. – Eit menneske kan og bør kjenne seg heime og vel i verda, sidan det er fødd inn i og i stand til å kjenne sjølve skaparverket djupt, sa den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson i Fosse-foredraget på Slottet tidlegare i år.

Kanskje finst det spor å fylgje, både i den klassiske romanen og i haustens kritikarroste historie, for å finne vegar til landskap vi kan høyre heime i og kjenne oss vel i, i verda vi høyrer til i.

05.11.26 kl.11:30
Varighet: ca. 1 time
Ingen billett

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Speletid:

ca 35 min

Billettpris:

GRATIS,–

Spelestad:

Foajescena, Nynorskhuset

Billettar