Å gjere gull av bygdeskrøner
Ta lunsjen i lag med oss i Røyst! Velkommen til forfattarsamtale i samarbeid med Rom for ord.
– Halvt unge, halvt rev og så litt troll på toppen. Slik skildrar ei mor med lattermild frustrasjon den viltre guten sin i Tyra Teodora Tronstad sin siste lesefest av ein roman: Folk som hater lokalhistorie.
Tyra Teodora Tronstad møter historikar og forfattar Håvard Klyve Parr til ein samtale om forteljekunsten slik den finst mellom folk på ein stad dei høyrer til, om å halde den levande og om å elske og hate lokalhistorie.
«Med eit smil legg eg frå meg denne romanen, som er noko av det beste eg har lese på lang tid. Han er skriven med overskot og humor, sjarmerande jordnær og nedpå, kompleks og samanvoven ned i minste hemmelege detalj; ein roman med bred folkeleg appell og med eit stort nedslagsfelt, ikkje berre for folk som liker eller hatar lokalhistorie.» (Oddmund Hagen, Dag og Tid)
Foajescena, Nynorskhuset
Ingen billett