Røyst Mat & Vin

Røyst mat & vin – din kulinariske teaterkveld

Rett ved Teatersalen, i hjartet av Nynorskhuset i Førde, finn du restauranten Røyst mat & vin. Her ligg alt til rette for ein heilaften – med eit godt måltid før eller etter framsyninga. Du kan nyte ein trerettars middag eller berre ta eit glas vin med noko godt attåt.

På dagtid er Røyst ein lun og triveleg lønsjkafé, medan kvelden byr på restaurantopplevingar med eit breitt utval av både varme og kalde rettar.

Stikk innom for ein god lønsj, eit stykke kake, eller ein kopp byens beste kaffi – levert av det prisvinnande kaffebrenneriet Jacu frå Ålesund.

Røyst-familien står klare til å ta imot deg, og vil gjere sitt beste for at du får ei fin oppleving – enten du kjem for maten, stemninga eller begge delar. Vi ønskjer å vere Sunnfjord si beste adresse for kultur, mat- og vinopplevingar.

Bord kan bookast online fram til 1 time før innkomst.

Er det fullt, eller ingen bord ledige på nett, ring oss på tlf. 57 72 77 77 så hjelper vi deg.

Booking startar kl. 16:00.

 Ynskjer du bord for meir enn 8 gjestar?
Send oss ein e-post, også om du kjem til lønsj.
post@roystmatogvin.no

Gjestar kosar seg på Røyst mat & vin. Foto.