Med gåvekort kan du invitere nokon du er glad i på ei teaterframsyning – anten i Nynorskhuset i Førde eller når Teater Vestland er ute på turné.
Gåvekort kan kjøpast både på Teater Vestland si nettside og hos dei fleste kulturhusa vi turnerer til. Ver merksam på at det er to ulike billettsystem – så gåvekortet gjeld der det er kjøpt. Sjekk kva som passar best for deg, eller ta kontakt med oss viss du er i tvil.
Kortet kan kjøpast og sendast digitalt, og du vel sjølv beløpet. Perfekt som gåve til bursdag, jul eller ein overraskande kvardagsglede.
Klikk deg inn på lenka under for å kjøpe gåvekort på nett – og gje bort ei oppleving dei seint vil gløyme.