Opningstider

Teater Vestland, administrasjon, Nynorskhuset:
måndag-fredag kl 08:30 – 16:00

Kontaktinformasjon

For spørsmål om billettar send e-post til: billett@teatervestland.no

Du kan og ringe sentralbordet på tlf: 90 99 06 00.

Universell tilrettelegging

Rullestol

Begge salane på Nynorskhuset er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Desse er tydeleg merka ved kjøp. Det er ikkje nødvendig å møte opp tidligare enn 15 min før framsyning. Ta kontakt med publikumsvertane dersom du treng hjelp.

Tunghøyrtanlegg

Vi har eit toppmoderne WIFI-basert tunghøyrtanlegg som fungerer i salane på Nynorskhuset. Det er plassert ut brukarveiledning i begge salane, du kan og ta kontakt med publikumvertane våre så hjelper dei deg.

Teleslynge

Vi har og med teleslynge ut på turne. Ta kontakt med tilsette frå teateret som er på din lokale speleplass for å få hjelp.

Følgekort

Det er tilgjengeleg ledsagarbillettar der du kjøper billett. Du må vise ledsagarbevis i døra for å sleppe inn i salen. Ha dette klart.