
29. april blir ei endelaus feiring av språket vårt i Nynorskhuset. — Vi håpar mange vil unne seg eit inneklemt pusterom i pollensesongen. Vi kan garantere ein tankevekkjande, underhaldane og inspirerande dag, seier prosjektleiar Heidi Hattestein.
Ho gliser frå øyre til øyre og boblar av forventning over alt som skal skje i Nynorskhuset denne onsdagen i april – og det er ikkje småtteri heller.
Nynorskhuset inviterer til ein språkdag utanom det vanlege. Det blir tettpakka program frå morgon til kveld med samtalar til å bli litt klokare av, lekre måltid i Røyst mat & vin og teaterframsyninga «Eg er Lucy Barton» som ein del av pakken. Språkdagen er for alle som er interesserte i språk og offentleg ordskifte.

Heile spekteret
Den nasjonale språkkonferansen har fått tittelen Skal vi snakke om det?.
— I ein mediekvardag, der folk ropar stadig høgare og lyttar mindre, er det på tide å slå eit slag for den gode samtalen. Vi håper å få til noko som verkeleg betyr noko, som grev seg litt inn i deg, seier Hattestein.
Det første dei gjorde var å engasjere Finn Tokvam. Han leiar programmet, og innimellom inviterer han utvalde gjester til samtale i sofaen.
— Vi skal bruke heile spekteret av Finn Tokvam. Han er skikkeleg løyen, men har også eit fint og nært alvor i seg. Dessutan er han ikkje så reint lite sjarmerande på ukulele, meiner prosjektleiaren som har eit mål om få salen med på allsong.
Konferansen følgjer ikkje den vanlege malen med ei rekke føredrag og påfølgjande paneldebatt. Tanken er å legge lag på lag gjennom tre bolkar med ulike tema.
— Vi ønskjer å skape ei spenningskurve i kvar bolk og mellom bolkane, fortel Hattestein.
Trekkplaster må til
Arbeidsgruppa har signert ei liste med høgaktuelle namn – og ikkje minst gode trekkplaster. Det siste meiner dei å ha funne, spesielt i Thomas Seltzer.
— Trekkplaster må til for å få det til! Seltzer er folkeleg og flink. Eit kjent fjes som vi trur folk synest er interessant, seier Ingunn Osland frå Nynorsk avissenter.
Sjekk ut resten av namna og timpelanen HER!
— Vi samlar nokre av landets mest markante stemmene på sine felt! Eg har aldri arrangert ein slik konferanse før, og eg er faktisk overraska over kor lett det var å få «ja» frå alle desse spennande folka. Eg trur vi treff ein nerve med temaet. Det har oppstått ein veldig entusiasme for programmet, som har ført til at nesten alle ønskjer å bli her heile dagen for å få med seg det som skjer, fortel Hattestein.
Ein snakkis
For aktørane i nynorskhuset er språket fellesnemnaren, men dei samarbeider ikkje så mykje i det daglege. Gjennom konferansen ønskjer dei å vise fram Nynorskhuset som møteplass i Førde.
— Samarbeid som dette gir meir samhald, meiner Sanne Slåtten frå Firda.
— Nynorskhuset er ei unik klynge av institusjonar. Det er akkurat passe mykje friksjon mellom media og scenekunst, og det gir rom for nye tankar. Vi lagar ein nasjonal språkkonferanse med nynorsken som omdreiingspunkt – og vi gjer det med sjølvtillit, seier Hattestein.
Eller som Sanne Slåtten seier det:
— Det skal bli ein snakkis! Vi vil at dei som kjem skal kose seg og lære noko, og at dei som ikkje kjem skal angre.
Foto og tekst: Liv Grimsbø i Liv Laga Media
Konferansen er støtta av Fritt Ord, Vestland fylkeskommune og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.