I november og desember tek Teater Vestland imot elevar frå 12 skular i Sunnfjord. Gjennom samarbeidet med Den kulturelle skulesekken (DKS) får dei oppleve ei solskinsamlande mus og ein sirkusartist som nektar å gi opp draumen sin.

Frå 24. november til 11. desember er det planlagt 26 skuleframsyningar i Nynorskhuset. Både Scene 2 og Teatersalen blir tekne i bruk når over 1 400 elevar kjem til Teater Vestland saman med skuleklassane sine.
Elevane kjem frå Bygstad, Flatene, Førde, Halbrend, Holsen, Naustdal, Sande, Skei, Slåtten, Sunde, Vassenden og Viksdalen. For nokre kan dette vere det første møtet med eit teater. Andre kjem tilbake til ein stad dei kjenner frå før. Denne gongen får dei dele opplevinga med klassekameratane.
Inn i museflokken
På Scene 2 ventar «Fredrik – musa som samla på solskin» av og med Kornelia Nicolaysen Melsæter. Her får elevane sjølve bli med inn i museflokken og ta del i historia gjennom leik, fantasi og undring.
Det nærmar seg vinter, og musene har det travelt med å samle mat. Men Fredrik samlar på noko heilt anna: solskin, fargar og ord. Når vinteren kjem, viser det seg at flokken treng det òg.
Framsyninga byggjer på biletboka til Leo Lionni og handlar om å vere annleis, men likevel viktig. Om at det vi har å bidra med, ikkje alltid er noko ein kan ta og kjenne på. Og om gleda ved å dele det med andre.

Sirkusdraumar og ein vrang følgjesvein

I Teatersalen ventar «Circus Antero», ei blanding av sirkus og figurteater med Frida Odden Brinkmann. Her møter elevane sirkusartisten Frida, som drøymer om å stå i manesjen igjen.
Nede i kjellaren ligg minna frå sirkuslivet. Der dukkar også dukkemannen Antero opp – ein surpomp som stadig fortel henne at ho ikkje er flink nok, og at ho aldri vil få det til. Men Frida vil ikkje gi opp.
Gjennom sirkuskunstar og møtet mellom Frida og Antero får elevane oppleve ei fantasifull og rørande forteljing om mot, draumar og å våge å tru på seg sjølv.
Ei felles oppleving i skuletida
Samarbeidet med DKS gjer at desse elevane får møte profesjonell scenekunst som ein del av skuledagen. Besøket er ikkje avhengig av at familien sjølv kjøper billettar eller finn tid til ein teatertur.
For Teater Vestland er dette ein konkret del av oppgåva som regionteater: å gi barn tilgang til scenekunst og høve til å bli kjende med teateret.
På dei travlaste dagane i desember går det framsyningar i begge salane. Små grupper kjem tett på musa Fredrik, medan større elevgrupper samlast om sirkusdraumen til Frida. Felles for dei er ei oppleving dei kan ta med seg tilbake til klasserommet – og kanskje fortelje om rundt middagsbordet heime.
