Desse vilkåra gjeld ved kjøp av billettar til Teater Vestlands framsyningar, uavhengig av kjøpskanal (nett, billettluke eller samarbeidande arrangør).
B. Alle prisar er oppgjevne i norske kroner (NOK) og inkluderer gjeldande mva./avgifter.
C. Kjøpet er bindande når betaling er gjennomført og billetten er stadfesta.
Levering av billettar
A. Elektroniske billettar vert sende til oppgjeven e-postadresse eller er tilgjengelege i billettappen knytt til vårt billettsystem.
B. Kunden har sjølv ansvar for å oppgje korrekt kontaktinformasjon og kontrollere motteken billett.
Angrerett
A. Kjøp av billettar til kultur- og fritidsarrangement er unnateke refunderast ikkje. Les meir på https://www.forbrukerradet.no/tips-og-rettar/varer-og-tjenester/kultur/
B. Det er difor ikkje mogleg å angre eller få refundert billettar etter at kjøpet er fullført.
Refusjon og avlysing
A. Ved avlysing av ei framsyning vert billettprisen refundert til kjøparen. Eventuelle billettavgifter og gebyr er unnatekne frå refusjon.
B. Dersom avlysinga skuldast forhold utanfor Teater Vestlands kontroll (force majeure, til dømes naturkatastrofar, pandemi, streik eller påbod frå offentlege styresmakter), vert billettane ikkje refunderte.
Bruk av billettar
A. Ein billett er eit verdipapir og kan berre nyttast éin gong. Kopiering eller misbruk kan føre til avvising ved inngang.
B. Tapte billettar vert normalt ikkje erstatta, men ta kontakt med Teater Vestland ved behov.
Videresal
A. Eventuelt videresal må innehavar av billett handtere sjølv. Hugs at det etter lov om forbod mot prispåslag ved videresal av billettar til kultur- og idrettsarrangement ikkje er lov å selje billettar til høgare pris enn pålydande.
B. Andrehandkjøp av billettar skjer på kjøpar sin eigen risiko. Teater Vestland kan ikkje bistå med å stadfeste om billetten er gyldig. Sjølv om billetten er gyldig på kjøpstidspunktet, kan same billett vere selt til fleire, og kjøparen kan risikere å ikkje sleppe inn på arrangementet fordi billetten alt er brukt.
Endringar i program
A. Teater Vestland tek atterhald om å gjere endringar i program, medverkande eller oppsett dersom dette er naudsynt.
B. Slike endringar gjev rett til refusjon med mindre framsyninga vert avlyst grunna force majeure, jf. punkt 4B.
Personvern
A. Opplysningar som vert gjevne ved billettkjøp vert nytta til å levere billetten og kontakte kunden ved endringar eller avlysingar.
B. For øvrig gjeld Teater Vestlands personvernerklæring.
Kontakt
A. For spørsmål om billettar, ta kontakt med Teater Vestland eller aktuell arrangør. Kontaktinformasjon finn du på vår nettside www.teatervestland.no