Lastar Hendingar

Tidenes veg – nytt album og bandturne

I mars 2026 kjem Sigrid med sitt niande (!) soloalbum og med det turne! Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år.

Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane ibandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører. Det nye albumet er forankra i både naturen ho kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen og kjærleiken til folkemusikken ho kjem frå er aldri langt unna.

Saman med sitt, etterkvart veletablerte band og kollektiv, skapar ho musikalske lydspor til historiene med energi, humor og klump-i-halsen stemning. Genreleikent og velkjent for dei som har følgt Sigrid og bandet ei stund. Turneen startar 13.mars med musikalske fortellingar og eit sterkt scenisk nærvær. Dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Speletid:

ca 75 min

Billettpris:

595,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

19.03.2026 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen