Lastar Hendingar

Teaterverkstad i haustferien

I løpet av haustferien forvandlar vi oss til eit lite teaterensemble.

Denne veka skal vi jobbe med dramaleikar, improvisasjon og spennande tekstar, og lærer korleis skodespelarar utviklar roller og historier. Til slutt set vi saman alt til eit eige teaterstykke som vi viser på scenen for foreldre og familie.

Undervisar er Kornelia Melsæter, skodespelar og musikalartist med lang erfaring frå Teatercamp i Spydeberg, der ho i sju år har leia sommarlege teaterveker.
Ho legg stor vekt på at borna sjølve får vere med og forme framsyninga, kome med idéar og oppleve meistringa av å skape noko i lag.

Teaterverkstaden er for 4.-7. klasse, og passar for både dei som har prøvd teater før, og dei som er heilt nye.

Vi møtest nokre timar på dagtid gjennom heile haustferien, og du må ha med matpakke.

Dato: 6.-10. oktober (haustferien)
Tid: kl. 10-14
Stad: Nynorskhuset, Scene 2
Alder: 4.-7. klasse
Tal plassar: 15
Pris: 1.000 kr

Påmeldingsfrist: 28.09.2025

Påmelding via Sunnfjord kulturskule: kjem snart

For spørsmål ta kontakt med: frida@teatervestland.no

Ferieteaterskulane er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule