Lastar Hendingar

Teaterkafè: Om å sjå og elske det som varer

Velkommen til ein tankevekkande forfattarsamtale om å sjå og setje ord på det vi verdset og dei vi elskar.

Poeten Joakim Kjørsvik skriv frå ein stad litt unna den tradisjonelle poesien, med ei enkel, naiv, open og klok stemme. I boka «25-september-diktene» skildrar han kjærleiken til kona på ein leiken, inderleg og ofte humoristisk måte. Ei storslagen kjærleikserklæring veks etter kvart fram frå den naive og nyfikne forelskinga. I haiku-samlinga «År og dag» ser Kjørsvik på naturen med eit liknande blikk fullt av kjærleik, slik at lesaren får lyst til å vere snill med verda og alt som finst i ho.

I denne teaterkafèen samtalar Joakim Kjørsvik med ein av sine mange begeistra lesarar, psykologen Sissel Gran. Å få kjærleiken til å vare er eit gjennomgangstema også i hennar bøker og praksis, men enkelt er det ikkje.

Å gje meining og retning til livet med ord og forteljingar er også ei drivkraft for Lucy Barton, slik vi møter ho i Idun Losnegård si tolking på Teater Vestland denne hausten. I denne samtalen får vi varme påminningar om den same innsikta: Pennen som skal skrive historia om vårt eige liv ligg i vår eiga hand.

Arrangementet er laurdag 27. september kl. 12–13 på Foajéscena i Røyst.

Det er gratis, men BILLETT må hentast ut HER.

 

Denne teaterkafèen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Rom for ord.