Lastar Hendingar

Teaterkafe: Når ei anna sjel stryk forbi

Det er aleine vi er. Einsemda er ein uunngåeleg del av det å vere menneske. I nokre augneblinkar kan vi likevel kjenne på fellesskap, at nokon er som oss, forstår oss, vil oss vel, vil vere her for oss. Å setje sin lit til eit anna menneske er ikkje utan risiko.

Vil du elske må du tåle å miste.

Krafta til å oppheve desse lovene og gje oss eit frirom frå frykta for einsemd og tap, finst både i litteraturen og scenekunsten. Denne hausten kan vi få oppleve korleis andre sine forteljingar kan verke slik, på oss – gjennom teater Vestland si dramatisering av Elisabeth Strout sin roman: Eg er Lucy Barton.

-Den indre jubelen som kan oppstå som følgje av å dele ei leseoppleving, kan etter mi erfaring ikkje overvurderast seier Elisabeth Strout sin omsetjar i Norge, Hilde Rød Larsen – Den kan ha konsekvensar langt inn i dei verkelege liva våre, akkurat slik som Strout skildrar det, legg ho til. Å lese Elisabeth Strout sine bøker gjev ei kjensle av nærver, som om ei anna sjel stryk forbi.

Vi ser fram til å ynskje publikum velkomne til eit nært og personleg møte med Hilde Rød Larsen før dei siste framsyningane av «Eg er Lucy Barton i Førde denne hausten.

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Teaterkafeen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Rom for ord.

Speletid:

ca. 45 min

Billettpris:

Gratis,–

Spelestad:

Foajescena, Nynorskhuset

Billettar