Lastar Hendingar

Teaterkafé: Ein herre med namnet Parkinson

Velkommen til lesing av eit nytt stykke av Rolf Losnegård, dramatikaren frå Dalsfjorden som har vore så viktig for oss her på teateret.

Rolf har fått Parkinsons sjukdom. I dette stykket tar han publikum med inn i kampen for å finne meining i det nye tilværet med ein nevrologisk tilstand som gradvis minskar evna hans til å bevege seg normalt.

På Teaterkafé kan du høyre dramatikaren lese sitt eige stykke. Han deler ei humoristisk, rå og ærleg forteljing om det å miste helsa. Distriktsmusikar Jacob Wyrtz er med på gitar, og dottera Idun Losnegård – mangeårig skodespelar her på teateret – har regi.

Rolf har bidratt til nesten tretti produksjonar på Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater. Det var han som skreiv «Dei siste maksveringar», det aller første stykket som blei sett opp etter etableringa i 1977, og han står bak det årvisse Kinnaspelet.

 

Dato: 27. mai
Tidspunkt: kl. 11:30

Teatermeldingar

Pressefoto

Kunstnarleg lag

Av og med Rolf Losnegård
Regi Idun Losnegård
Musikar Jacob Wyrtz

Speletid:

45 min

Billettpris:

Gratis,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar