Stort og stygt
Nynorsk scenespråksenter sitt kull 3 inviterer til arbeidsvisning av stykket «Stort og stygt» skriven av Olaug Nilssen.
Framsyningstart: 19:00
På scena ser du Nynorsk scenespråksenter sitt kull 3, beståande av skodespelarane Vebjørn Enger, Hanna Margrethe Muir, Lise Risom Olsen og Erik Pelin. Saman har dei gjennomført det 14 veker lange kurset i dialekt- og språkovergang ved Teater Vestland, og avsluttar nå med ei visning for dykk! Med seg på regi har dei regissør Kjersti Sandal.
«Stort og stygt» er eit bestillingsverk skriven av Olaug Nilssen, for Det Norske Teatret sitt hundreårsjubileum i 2013, og hausta gode kritikkar når det vart vist. Over ti år seinare er stykket enda relevant, og 23. april får du sjå stykket i ny drakt på Nynorskhuset!
Meir om stykket:
I stykket møter vi to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv… eit småbarnshelvete? Det andre paret ventar barn og ser på foreldrelivet frå eit teoretisk og romantisk standpunkt. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde takle sonen som skrik heile natta.
Det ligg ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekker til, og for at ein ikkje gjer dei rette vala i avgjerande situasjonar.