Lastar Hendingar

RT: Per Hansen – en trofast mann

To vaksne menneske og éi altoppslukande forelsking.

Per Hansen er ein heilt vanleg mann. Han driv Hertz bilutleige på den veldig lokale flyplassen. Per Hansen har ingen hemmelegheiter. Bortsett frå den om Silje Jansen. Dei treff kvarandre på ein måte som ingen av dei hadde drøymt om. Vi følgjer dei det året dei har saman.

Skodespelarane Stig Henrik Hoff og Ida Løken Valkeapää viser kor einsamt eit menneske kan leve, og samtidig kor avhengige vi er av kvarandre. «Per Hansen» er eit humoristisk, saftig, dampande erotisk og ærleg stykke om vaksen kjærleik, kompliserte livsval … og om å halde ut dette livet. Dramatikar Siri Broch Johansen kastar eit rått og nake lys over indre og ytre mørke landskap, på ein genuin, sår, men også fornøyeleg måte. Og med eit språk vi nok ikkje har høyrt maken til på ein norsk scene.

Elle Maija Klefstad Bær er musikar på scenen, og ho gir framsyninga ei kraft du verkeleg kjem til å merke.

Teatermeldingar

Kunstnarleg lag

Med Stig Henrik Hoff og Ida Løken Valkeapää
Musikar Elle Maija Klefstad Bær
Av Siri Broch Johansen / Juho-Sire
Regissør Hanne Tømta
Scenograf Hilde Hauan
Kostymedesignar Nora Furuholmen
Lysdesignar Kristin Bredal
Musikalsk ansvarlig Simon Revholt
Lyddesigner Simen Scharning
Dramaturg Oda Radoor
Produsentar Wenche Viktorsdatter Paulsen og Silje Vigerust Vinjar
Produsert av Riksteatret

Speletid:

1 time og 30 minutt

Billettpris:

Frå kr 384,–

Spelestad:

Nynorskhuset, Teatersalen

Billettar