Lastar Hendingar

Repetoarslepp 2026

Kva slags historier skal vi fortelje i 2026?

Når Teater Vestland inviterer til årets repertoarslepp i Røyst, får du vere blant dei første som får vite det.

Teatersjef Kristina Kjeldsberg tek plass i godstolen på foajescena med gjester frå heile teaterfamilien – regissørar, dramatikarar, skodespelarar og påtroppande teatersjef Aslak Moe.

Dei deler glimt, idéar og entusiasme frå produksjonane som skal røre, more og overraske publikum i året som kjem – i Nynorskhuset, på turné og ute i bygdene.

Ta lunsjen saman med oss, nyt julekaker og Røyst-mat, og få ein forsmak på teateråret 2026!

Stad: Røyst mat&vin, Nynorskhuset
Dato: 27. november 2025
Klokkeslett: 11:30 – 12:30