Lastar Hendingar

Redd ein fjord

Elevane på dramalinja ved Firda Vgs lagar teater om aksjonane for Førdefjorden. 

Naturvernorganisasjonar har mobilisert til aksjonar for å hindre eit børsnotert industriselskapet (Selskapet) å rive fleire bygg i Bygda, og dekke tre kvadratkilometer av botnen av Fjorden med store mengder kjemikaliar og steinrestar. Dumping av gruveslam vil ramme livet i fjorden hardt og få store konsekvensar for lokalbefolkninga.

Ungdommar frå Bygda og tilreisande aksjonistar frå heile landet har aksjonert i tre veker. Handlinga går føre seg på dagen for storaksjonen, frå morgonen når dei først tar seg inn på anleggsområdet for å lenke seg fast.

Teaterteksten “Redd ein fjord” av Marit Eikemo er inspirert av aksjonane mot dumping av gruveslam i Førdefjorden. Teksten er skreve for DUS (Den Unge Scenen), og det er Teaterfestivalen i Fjaler som har tatt initiativ til samarbeidet med elevane på dramalinja ved Firda Vgs og oss på Teater Vestland. Publikum kan oppleve ei iscenesett lesing på Teater Vestland i Nynorskhuset, før stykket blir vist to gonger på Teaterfestivalen i Fjaler.

Lesinga på Teater Vestland 9. september er gratis men ein må hente ut billett via billettlenka til høgre. 

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Av Marit Eikemo
Regikonsulent Aslak Moe

MEDVERKANDE: Emma Christell Håvik Fureli, Tuva Helset, Hannah Celine Johannessen, Daria Levchenko, Henriette Kvamme Lien, Hjalmar Humburset Lothe, Vilde Emilie Hansen Vanberg og Johanne Louise Eikenes

Speletid:

Cirka 45 minutt

Billettpris:

Frå kr 0 ,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

09.09.2026 18:00

Scene 2, Nynorskhuset

11.09.2026 16:00

Teaterfestivalen i Fjaler, FUS (Gamle Fjaler Ungdomsskule)