Lastar Hendingar

Vi er brødrene Eikemo

Plakat

Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!

Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald

Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp.
Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast.
Men korleis ryddar ein i eit heilt liv?
Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?

Energisk familiekrønike

Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, éin familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi – og Lothepus si stavkyrkje.

Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert “køyreopplæring” der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år.

Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda.

Tre kvinner

Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar.
Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira.

Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner:
Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i?

Om romanen

Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som

«Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.»

No får romanen nytt liv på scena i eit samarbeid mellom Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.
Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman.

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Av Marit Eikemo
Dramatisert av Thomas Bye
Regi Jeff Pedersen

 

Resten av kunstnarleg lag og skodespelarar blir annonserte seinare. 

Speletid:

Billettpris:

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

16.10.2026 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

17.10.2026 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

22.10.2026 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

23.10.2026 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen

24.10.2026 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen