Kulturnatt i Førde: Lansering og stolpejakt


Velkommen til Kulturnatt i Førde fredag 13. juni!
I Nynorskhuset inviterer vi til ein kveld fylt med teater, samtale, lansering og leik – midt i hjartet av byen.
Program for Teater Vestland i Nynorskhuset:
-
Kl. 18:00-18.30 Lansering av lydopplevinga Gebrokkent: Eg vil heim
– med mellom anna samtale med forfattar Arturo Tovar og Heidi Hattestein frå Teater Vestland. - Kl. 18.30-21.00 Lydoppleving med virtuell fjelltur
-
Stolpejakt-teater med Amatørteatergruppa til Teater Vestland: Spoon River Anthology
– eit levande møte med karakterar og forteljingar rundt om og i Nynorskhuset. - Kl. 18.00-21.00 er Teater Vestland til stades med stand med lykkehjul, premiar og konkurransar
– og du kan få vite meir om det vi jobbar med og kva som skjer framover.
Ta med vener, familie eller berre deg sjølv – det blir uhøgtideleg, engasjerande og ope for alle.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
—
Om Kulturnatt i Førde
Kulturnatt i Førde har vore arrangert årleg sidan 2018, og har utvikla seg til å bli ei av dei største kulturhendingane i Førde. Arrangementet samlar over 300 kulturaktørar frå meir enn 35 ulike lag og organisasjonar – både frivillige og profesjonelle – som saman fyller sentrum med musikk, teater, kunst, samtalar og aktivitetar for alle aldrar.
Målet med Kulturnatt er å gjere Førde til ein levande møteplass, der det skjer noko overalt. Teater Vestland er stolt over å vere ein del av dette mangfaldige fellesskapet.
Teatermeldingar
Kunstnarleg lag
Speletid:
Billettpris:
Gratis,–
Spelestad:
Nynorskhuset