Lastar Hendingar

Hvordan bli superhappy på 50 minutter

Velkommen til eit gjestespel frå Teaterkompaniet Memento! 

Teaterframsyninga Hvordan bli superhappy på 50 minutter starta som ein satirisk leik med sjølvhjelpsbøker, men vart til ein monolog som går rett i mellomgolvet. Når livet raknar – og forventninga om å «halde seg positiv» står att som eit dårleg vitne – oppstår eit møte mellom humor, sorg og den klønete, vakre menneskelegheita vi helst ikkje viser offentleg. I 2016 mista skodespelar Ingvild Lien eksmannen sin i sjølvmord. Framsyninga spring ut av denne personlege tragedien for Lien; med si eiga sorg, to barn i krise og eit spedbarn på armen. Framsyninga undersøker kva som skjer når vi jagar lykka så hardt at vi mistar oss sjølve, og korleis latter somme tider er det einaste vi har igjen å gripe tak i.

Sidan premiera har monologen blitt spelt på scener i Noreg og internasjonalt, og publikum har både ledd høgt og svelgt tungt. Med komisk timing, ei botnlaus ærlegheit og eit uventa kroppsspråk blir ideen om at lykka er ein individuell prestasjon avkledd, og spørsmålet som blir hengande er enkelt: Kven tek vare på dei som ikkje klarer å vere «superhappy»?

Skodespelar Ingvild Lien – aktuell med teaterframsyninga Hald Ut og TV-serien Flukten fra Bolivia på TV 2 no i desember 2025 – står åleine på scena med ein intensitet som både rører og frigjer. Ho bruker humor som overlevingsmekanisme, og publikum får òg le når det gjer vondt, og nettopp derfor treffer framsyninga så sterkt.

Ei framsyning som minner oss om at lykke kanskje ikkje er eit mål, men eit pusterom vi finn i kvarandre når livet kokar over.

 

Billettar kjem i sal. 

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Skuespiller og idéhaver Ingvild Lien
Regi Vibeke Flesland Havre
Manus Ingvild Lien og Vibeke Flesland Havre
Dramaturgi Vibeke Flesland Havre
Scenografi Ingvild Lien og Vibeke Flesland Havre
Foto Kristin Aafløy Opdan

 

En samarbeids-produksjon med Haugesund Teater. Forestillingen er også støttet av Fritt Ord.

Speletid:

1 time

Billettpris:

Betal det du kan,–

Spelestad:

Nynorskhuset

Billettar

10.09.2026 19:00

Nynorskhuset, Teatersalen