Lastar Hendingar

Gubben og katten og nissemaskina

Plakat

Er du klar for ei leiken, hjartevarm og fullstendig julemagisk oppleving?


I Gubben og katten og nissemaskina møter vi den snille og litt rare Gubben Pettersen og katten Findus, som er like full av sprell som alltid.     

 

Findus vil ha nisse på besøk. Ordentleg nisse. Med skjegg, sekk og julehumør!  

Pettersen trur ikkje på nissen, eller, det er hvertfall lenge sidan han har sett ein.  

Kva gjer ein når ein treng nisse, men ikkje kjenner nokon?   

  

Sven Nordqvist sine bøker om Gubben og katten har begeistra ungar og vaksne i over tretti år, og vi gler oss til å invitere heile familien inn i teateret for ein solid dose av den gode julefølelsen. Publikum får vere med på ei fantasifull reise full av oppfinningar, julelys og forunderlege møte. Og kanskje dukkar det også opp ein ekte nisse til slutt? 

 

Fleire spelestader kjem i sal seinare. Følg med – turnélista blir oppdatert fortløpande!

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Av Sven Nordqvist

Regi Ingrid Askvik

 

Resten av kunstnarleg lag og skodespelarar blir annonserte seinare. 

Speletid:

Billettpris:

Frå kr 240 ,–

Spelestad:

Nynorskhuset og turné

Billettar

27.11.2026 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

28.11.2026 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

05.12.2026 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen

11.12.2026 18:00

Åsane Kulturhus

19.12.2026 18:00

Nynorskhuset, Teatersalen