Velkommen til gratis teaterkafé saman med kull 3 ved Nynorsk scenespråksenter.
Kull 3 ved Nynorsk scenespråksenter skal stå på Foajéscena i Røyst for første gong, og håper du vil ta turen for å sjå dei i aksjon!
Erik Pelin, Hanna Margrete Muir, Lise Risom Olsen og Vebjørn Enger er nå sju veker inn i etterutdanninga ved Teater Vestland. Med blant anna Olaug Nilsen, Jon Fosse og Lars Norén i baklomma er gjengen klare for å vise kva dei er gode til. Ta med deg ein ven og ta lunsjen i Røyst med god underhaldning denne dagen!