Velkommen til gratis teaterkafé saman med Aslak Moe og Nils Petter Mørland
Den nye teatersjefen tar oss med i eit djupdykk inn i Nils Petter Mørlands tankar. Nils Petter er ein kjent regissør i Noreg og har tidligare vore på Teater Vestland med framsyninga Alle fantastiske ting. Han har ein imponerande karriere som skodespelar, medstiftar av Det Andre Teatret, teatersjef og regissør. Mange kjennar han nok og frå TV Norge og den folkekjære serien Alle mot alle.
I denne seansen får vi og høyre lokale historiar, tankar bak framsyninga Ei verdsomsegling under havet og kanskje andre overraskingar?