Gratis arbeidsvisning med Nynorsk scenespråksenter
Vi inviterer til siste visning med det aller første kullet frå Nynorsk scenespråksenter!
Nynorsk scenespråksenter inviterer til ei arbeidsvisning av Olaug Nilssen sitt stykke «Vi har så korte armar» på Nynorskhuset i Førde.
På scene 2 i Nynorskhuset møter du deltakarane på det aller første kullet: Stine Elverhøi Johnsen, Jacob Nasseri, Arjan Nilsen og Pernille Sandøy.
Alle fire har ein bachelor i skodespel, og har no fullført ei 14 veker lang ettertutdanning i språkovergang.
Alle fire har ein bachelor i skodespel, og har no fullført ei 14 veker lang ettertutdanning i språkovergang.
Men har dei blitt ekte sunnfjordingar? Kom og sjå og høyr sjølv!
Det er gratis inngang, men vi ønskjer påmelding. Du registrerer deg under billettar.
Velkomen til ei frisk, morosam og språkleg spennande framsyning – vi gler oss til å sjå deg!
Teatermeldingar
Pressefoto
Kunstnarleg lag
Dramatikar Olaug Nilssen
Medverkande: Stine Elverhøi Johnsen, Jacob Nasseri, Arjan Nilsen og Pernille Sandøy.
Speletid:
Ca 75 min.
Billettpris:
Gratis,–
Spelestad:
Nynorskhuset