Lastar Hendingar

Gebrokkent – Eg vil heim

Ei teateroppleving på øyret – når du vil, kor du vil

Velkommen til ein gåtur i landskap som både leikar og leitar i det eksistensielle.

Kva vil det seie å føle seg heime?

«Gebrokkent: Eg vil heim» er ei ny lytteoppleving frå Teater Vestland, skrive av Arturo Tovar Lopez. Verket er inspirert av tekstar av Jakob Sande og samtalar med menneske som har kome til Førde frå heile verda.

Du får høyre stemmer frå menneske som har kome hit frå heile verda – sett til musikk og lydlandskap som forsvinn inn i naturen og gjer turen til noko meir enn ein tur.

Medan teater vanlegvis krev billett og eit fast klokkeslett, er denne opplevinga heilt annleis.
«Gebrokkent: Eg vil heim» er gratis, og du vel sjølv kor og når du vil lytte. Du kan gå åleine – eller saman med nokon, og snakke om opplevinga etterpå.

Lydfila varer ca. 30 minutt og er laga for vaksne. Du høyrer den med mobilen og øyretelefonar, enten ved å laste ned eller strøyme direkte.

Du finn opplevinga der du vanlegvis høyrer podkast – som på Spotify og Apple Podcasts – eller på teatervestland.no. Opplevinga er også tilgjengeleg via QR-kode på dagsturhyttene i Vestland.

Om serien GEBROKKENT

«Gebrokkent: Eg vil heim» er den tredje lydvandringa i serien Gebrokkent, som starta i 2020. Tidlegare verk er:
– Vi høyrer saman, vist på Munchmuseet i Oslo under Only Connect Festival våren 2022
– Endemisk Norsk, vist under Ultimafestivalen hausten 2023

Teatermeldingar

Pressefoto

Kunstnarleg lag

Konsept, regi og manus: Arturo Tovar Lopez
Produsent: Saifeldin Ali Alshaikh
Musikk: Jenny Berger Myhre og Cisser Mæhl
Dramaturg: Nelly Winterhalder

 

Gebrokkent er eit samarbeidsprosjekt med Teater Vestland og Arturo Tovar Lopez.

Prosjektet er støtta av Kulturdirektoratet og Dramatikkens hus.

Speletid:

ca. 30 min

Billettpris:

Gratis,–

Spelestad:

Valfritt

Billettar