Finn Erix basarkonsert


Gjengen – med utspring i Radio Røynda – fyller store salar i Bergen, og laurdag 29. november kjem dei endeleg til Førde. Finn Tokvam, Odd-Erik Lothe og Halvor Folgerø står på scena i Teatersalen i Nynorskhuset, saman med eit fullt band på fem musikarar.
Førde-publikummet har allereie vist at dei har sansen for Finn Tokvam. I vår og haust har han fylt Teatersalen med soloshowet sitt fleire gongar. Denne dagen kjem han tilbake i eit litt anna format: Finn Erix sitt populære julebasarkonsept, for aller første gong i Førde.
Det blir ein kveld med alt som høyrer til: Julesongar du både kjenner og ikkje visste at du trong, humor som treffer rett i hjartet og sjølvsagt den legendariske basaren. For kva er vel Finn Erix utan fruktkorga som hovudpremie? Og som om ikkje det var nok, det ryktast at det også kjem hemmelege gjestar denne kvelden …
Dagen før står dei på scena i Bergen for ein utselt sal med 1000 publikummarar. At dei kjem til Førde dagen etter er ein unik sjanse til å oppleve dei tett på, i heilt særprega førjulsstemning.
Teatermeldingar
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Speletid:
ca. 2,5 timar
Billettpris:
600,–
Spelestad:
Nynorskhuset, Teatersalen