Lastar Hendingar

Ein herre med namnet Parkinson

Velkommen til eit nytt stykke av Rolf Losnegård, dramatikaren frå Dalsfjorden som har vore så viktig for oss her på teateret.

Rolf har fått Parkinsons sjukdom. I dette stykket tar han publikum med inn i kampen for å finne meining i det nye tilværet med ein nevrologisk tilstand som gradvis minskar evna hans til å bevege seg normalt.

Han deler ei humoristisk, rå og ærleg forteljing om det å miste helsa. Distriktsmusikar Jacob Wyrtz er med på gitar, og dottera Idun Losnegård – mangeårig skodespelar her på teateret – har regi.

Rolf har bidratt til nesten tretti produksjonar på Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater. Det var han som skreiv Dei siste maksveringar, det aller første stykket som blei sett opp etter etableringa i 1977, og han står bak det årvisse Kinnaspelet. Han fungerte som husdramaturg i dei ti åra han var tilsett her.

 

Etter premieren på Scene 2 i Nynorskhuset skal stykket på turné til eit lite utval spelestader i Sogn og Fjordane. Fri inngang. 

17. mars kl 12.30: Kyrkjetorget, Florø 
19. mars kl 13.00: Leikanger bibliotek
23. mars kl 12.30:  Samvirket, Dale i Fjaler 
25. mars kl 13.00: Lauget kaffibar, Sandane 
27. mars kl 12.30: Askvoll bibliotek

Teatermeldingar

Pressefoto

Relaterte artiklar

Kunstnarleg lag

Av og med Rolf Losnegård

Regi Idun Losnegård

Musikalsk uttrykk Jacob Wyrtz

Illustratør Fredrik Rysjedal 

 

Speletid:

45 min

Billettpris:

Betal det du kan,–

Spelestad:

Nynorskhuset og turné

Billettar

13.03.2026 19:00

Nynorskhuset, Scene 2