Lastar Hendingar

Bransjetreff for scenekunstnarar i Vestland

Velkomen til ein dag med fellesskap, fagleg inspirasjon og gode samtalar! Vi ønskjer å samle scenekunstnarar med tilknyting til Vestland fylke til eit bransjetreff som både styrkjer dei lokale nettverka og gjev rom for fordjuping.

Gjennom dagen vender vi blikket mot samtidsdramatikken – forteljingar som spring ut av vår eiga tid, våre stader og erfaringar. Desse tekstane kan både spegle oss sjølve og stille spørsmål som utfordrar, og på den måten bidra til å utvikle vår kulturelle beredskap.

Forfattar og dramatikar Maria Tryti Vennerød opnar dagen med ei innleiing som legg rammene for vidare samtalar. Deretter går vi saman inn i ein lesesirkel, der vi utforskar samtidige dramatikarar og tekstar i fellesskap – eit rom for å lese, reflektere og drøfte korleis og om teatertekstar kan belyse røynda vår her og no.

I tillegg til fagleg påfyll blir det tid til mingling og gode møte – både under måltid og i uformelle pausar. Dagen rundast av med middag på RØYST og eit felles teaterbesøk: urpremieren Amerikabreva av Lene Therese Teigen.

Førebels program

  • 09.30–10.00: Oppstart og samling / kaffi og te
  • 10.00–12.00: Innleiing og samtale med Maria Tryti Vennerød
  • 12.00–13.00: Lunsj
  • 13.00–14.30: Samling/lesesirkel – vi les scenetekstar av vår tids dramatikarar saman
  • 14.30–15.00: Kaffi/te og mingling
  • 15.00–16.00: Avslutning lesesirkel og felles samtale
  • 16.30: Middag på Røyst mat og vinhus i Nynorskhuset
  • 18.00-19.30: Framsyninga Eg er Lucy Barton (Teatersalen)
  • 20.00: Felles besøk på urpremieren Amerikabrevet av Lene Therese Teigen (Scene 2)

Vi håpar dagen kan bidra til å styrkje både samkjensla i feltet og tilknytinga til Teater Vestland – som ein levande møteplass for scenekunstnarar i regionen.

Dette blir ein dag for å dele erfaringar, lytte til kvarandre og styrkje fellesskapet i scenekunstfeltet i Vestland.

 

Påmelding her: Eg vil melde meg på bransjetreff!

Påmeldingsfrist: 17. september

Pris: Gratis

Ta kontakt med ane@teatervestland.no for spørsmål