B. Dybwad Brochmanns forsvarstale
Stortingsmann, pasifist, anti-nazist og gartnar, dømt for landssvik
« Kan krig avverges ved at krigsårsakene videnskapelig klarlegges?
Jeg er ganske forvisset om at alle i denne sal er enig i at situasjonen i øyeblikket er kritisk over hele verden, og at alt tyder på at vi langsomt og sikkert går mot en ny verdenskrig, samtidig som vi går ut fra at de forskjellige nasjoner som kommer opp i en sådan krig, aldeles ikke ønsker å komme der.»
– Dybwad Brochmann, Stortinget 1939
Året er 1947, og Bertram Dybwad Brochmann er tiltalt for landssvik. Saka står i Voss heradsrett, og Brochmann må forklare seg framføre domstolen.
Basert på stenografiske referat, rettsdokument, Brochmanns eigne tekstar og talar framsynar skodespelar Kyrre Eikås Ottersen ein monolog av Torkil Sandsund som tar ein tilbake til store dilemma i mellomkrigstida og under 2. verdskrig.
Brochmann satt på Stortinget frå 1933–1936 og var en kjent og aktiv samfunnsøkonom, folketalar, forfattar politikar og gartnar frå Bergen i mellomkrigstida.
Han advarte sterkt mot nazismen i oppbygninga til 2. verdskrig, men i krigens første dagar kom Brochmann med fleire ytringar som var tyskvennlege og kritiske mot England.
-Kva kostar det å tenkje annleis i eit polarisert samfunn?
Dybwad Brochmanns forsvarstale er laga av Fjaler Turnéteater, eit teater som er etablert for å produsere og presentere ny scenekunst i bygder og grendehus, like mykje som i byar.
Denne mannen var i si tid ei viktig stemme frå Bergen, men historia gløymde han etter landsvikdommen
Teatermeldingar
Kunstnarleg lag
Dramatisering, regi Torkil Sandsund
Dramaturg Marianne Solberg
Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen
Suffli, teknikk Frida Noris Kveane
Oppsetjinga i Førde er eit samarbeid mellom Folkeakademiet Førde og Teater Vestland.
Framsyninga er på turne med Fjaler turneteater og Folkeakademiet Sogn og Fjordane.
Framsyninga er støtta av Teater Vestland, Teaterfestivalen i Fjaler og Fritt ord.
Speletid:
90 min
Billettpris:
Frå kr 150-500,–
Spelestad:
Nynorskhuset