
Vi flytta inn i Nynorskhuset for drygt to år sidan. Når ein flyttar inn i nytt hus, må ein bu seg inn. Ikkje alt av innreiing følgjer med frå starten. Så då bygger vi innreiinga sjølve! Vegen blir til undervegs, med litt eksperimentering.

Arbeidsplattforma til slipesteinen består av tre hovudelement: Hovudskåp med bein, svingbar uttrekksskuff og topplate.

Materialbruken består av OSB-plater som hovudmateriale, furuklossar til bein, kryssfiner til hjørnebeslag, pleksiglass til toppplate og divers pianohengsler og beslag. Og ein aldri så liten dose fri fantasi. Flugenetting i metall har estetiske kvalitetar og i tillegg ein praktisk funksjon med å ventilere boksen.

Knotten (dørvridaren) stammar frå ein tidlegare scenografi, av dessverre ukjent art. Valet av knott bør vere innlysande. Knotten er teatralsk og kul!

Frå estetikk til handverk. Plattforma må jo monterast også. Hovudkassen er limt og skrudd saman, og så har den fått heimelaga hjørnebeslag av kryssfiner, pynta med kunstige metallnagler. Døra er festa med pianohengsle, mens pleksitoppen er avtagbar og festa med vingemutrar frå undersida.

Den uttrekkbare skuffen er festa med splitthengsle, noko ein finn mykje av i teaterscenografiar «all over». Det gjer at den kan hurtig avhengslast og tømmast, eventuelt løftast opp og plasserast på til dømes ekstern arbeidsplattform.

Beina er utforma for å få riktig arbeidshøgde. Dei runde utsparringane er saga ut med hullbor, og det same er beslaga rundt utsparringane. For å lage beslag bruker du to hullborar med forskjellig diamter.

Alle som driv med handverk, veit at det er ein leik med form og materiale. Då får ein også trivsel rundt seg.
Så lurer du kanskje på kvifor plattforma ikkje er større – hadde det ikkje vore hendig med ein plass til å legge ting frå seg?
Det er fordi nokre verktøy har tilhøyrane handtak, og då vil ein unngå at arbeidsplattforma kjem i vegen for å slipe verktøyet slik ein ønsker.
