DIY på nynorsk: 1-2-3 scenografi!

To gode teknikarar flekker opp scenografien til framsyninga Eg er Lucy Barton. Slik ser den ut før scenelys, videodesign og andre rekvisittar kjem på plass. Som turneteater må vi lage dekorasjonar som kan setjast opp og takast ned att raskt og effektivt. Nokolunde lette må dei vere å bere og frakte også.

DIY på nynorsk!

Eller «gjer det sjølv», som det heiter her på våre kantar. Vi vil gjerne få kontakt med deg som er interessert i både handverk og teater. Vi vil opne dørene inn til verkstadene våre og gi deg innblikk i kva vi driv på med her. På huset har vi snikkarverkstad, sveis, systove, målarverkstad, lyd- og lys, rekvisitt og hår/sminke. Har du liknande hobbyar? Ta gjerne kontakt, så kan vi inspirere kvarandre!

E-post: post@teatervestland.no eller send oss ei melding på Facebook