Vi pakka ut teateråret 2026!

Kristina Kjeldsberg hadde med seg ein stor forundringspakke full av teateropplevingar for vestlendingane. Alle foto: Jostein Vedvik

Torsdag 27. november pakka konstituert teatersjef Kristina Kjeldsberg opp ei øskje med teatergåver. Då snakkar vi ikkje om den typen gåver som ligg under juletreet, men slike som skal opne seg på scenene våre i året som kjem.

Mange hadde funne vegen på repertoarsleppet på foajescena i Nynorskhuset denne gråkalde novemberdagen. Dei kunne oppleve teatersjefen i samtale med gjester frå teaterfamilien – regissørar, dramatikarar, skodespelarar og påtroppande teatersjef Aslak Moe – til ei lett servering av sju sortar julekaker. God stemning!

—  2026 blir et år fylt av både nye samarbeid, sterke fortellinger og ekte vestlandsenergi, seier Kristina Kjeldsberg.

Store rabattar på teaterbillettar for dei som kom på repertoarsleppet. Dei kunne skrive ønskeliste etter kvart som stykka blei presenterte.

HER ER DET TEATERSJEFEN PAKKA OPP AV GÅVEØSKJA FOR 2026:

Vi startar året med nypremiere på Eg er Lucy Barton av Elizabeth Strout, ein av fjorårets store publikumsyndlingar som blei spelt i Nynorskhuset i september og oktober. I januar og februar er det tid for turné til kulturhus i Vestland.

Stykket handlar om forsoning, avstand og tilhøyrsle, og om korleis vi aldri heilt kan lausrive oss frå det vi kjem frå. Det er ein monolog med vår eigne Idun Losnegård, som ber forteljinga ålene med varme, presisjon og humor.

Speleplan og billettar finn du HER

En verdensomseiling under havet av Jules Vernes, skriven i 1866, er ei forteljing som har inspirert mange og som dei fleste av oss tenker at vi kanskje har lese – men så har vi kanskje ikkje det likevel?

Vår versjon har fått nynorsktittelen Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn. Vi har fått hjelp av barns fantasi til å forestille oss kva som finst langt der nede i det blå djupet. Barn i turneområdet vårt har levert teikningar til verkstadene våre, der arbeidet med å gjenskape havets hemmelege kryp og vesen foregår i skrivande stund…

Dette er ei framsyning for heile familien, med humor, fantasi og ein liten dose galskap – akkurat slik vi likar det på Vestlandet. Stykket blir spelt i Nynorskhuset og på turné til bygdehus i Vestland. Turneruta, som vi kallar Lys i bygda, er støtta av eit billettfond finansiert av overskotet til Sparebank1 Sogn og Fjordane.

Speleplan og billettar finn du HER

Rolf Losnegård har bidratt som dramatikar til nesten tretti produksjonar her på teateret. Det var han som skreiv Dei siste maksveringar, det aller første stykket som blei sett opp etter etableringa i 1977, og han står bak det årvisse Kinnaspelet.

No er han tilbake med ei djupt personleg, men samtidig universell forteljing om det å miste helsa. I Ein herre med namnet Parkinson tar han publikum med inn i kampen for å finne meining i det nye tilværet med ein nevrologisk tilstand som gradvis minskar evna hans til å bevege seg normalt. Det blir rått, humoristisk og ærleg.

Stykket blir spelt i Nynorskhuset og på turne til bibliotek. Les meir HER

Sommaren vakraste eventyr! Kinnaspelet – Songen ved det store djup – forgår på ei øy omtrent så langt vest i Noreg som det er mogleg å komme, og er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Kinnaspelkomiteen. Fem profesjonelle skodespelarar og 160 frivillige er i sving på scena.

Det tradisjonsrike spelet signert Rolf Losnegård rundar 40 år i 2026. Set av 20. og 21. juni. Les meir HER

Marit Eikemo sin bestseljar blir teater i samarbeid mellom Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret! Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, éin familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi – og Lothepus si stavkyrkje.

Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda. Stykket har urpremiere på Det Vestnorske Teateret i Bergen i september og kjem til Nynorskhuset frå 16.-24. oktober. Les meir HER

Kor lenge må ein øve på å sove i ein fryseboks før ein er klar for å dra til Nordpolen? Nansens son av Henrik Mested er eit humoristisk og sårt stykke om konsekvensane av å dyrke ein vinnarkultur. Det handlar om dei som ikkje klarer å passe inn blant dei sterke, og om kor vanskeleg det kan vere å leve om ingen treng at ein er til.

Stykket blir spelt i Nynorskhuset og på turné til grendehus i Vestland på turneruta Lys i bygda.

Speleplan og billettar finn du HER

Ein juletradisjon for små og store – og ei påminning om at glede og fantasi er noko vi aldri veks frå.

Sven Nordqvist sine bøker om Gubben og katten har begeistra ungar og vaksne i over tretti år, og vi gler oss til å invitere heile familien inn i teateret for ein solid dose av den gode julefølelsen. Publikum får vere med på ei fantasifull reise full av oppfinningar, julelys og forunderlege møte.

Stykket blir spelt i Nynorskhuset og på turné i Vestland. Les meir HER

Blant ei rekke arrangement i Nynorskhuset i 2026 får vi i april ein nasjonal språkkonferanse som har fått tittelen Skal vi snakke om det? Språkkonferansen er arrangert av sambuarane i Nynorskhuset, landets største nynorskklynge: Teater Vestland, NRK og Firda, saman med systersentera Nynorsk scenespråksenter, Nynorsk mediesenter og Nynorsk Avissenter som alle lærer opp nye nynorskbrukarar i sine fag.

Detaljert program kjem etter kvart på DENNE SIDA, følg med!

Kristina Kjeldsberg inviterte regissørar, dramtikarar og scenografar med seg opp på scena. Publikum fekk ein unik sjanse til å høyre dei snakke om stykka dei skal lage i året som kjem. Frå venstre: Regissør Ingrid Askvik, regissør og scenograf Birgitte Strid, påtroppande teatersjef Aslak Moe, regissør Nils Petter Mørland, regissør Jeff Pedersen, dramatikar Rolf Losnegård – og sist men ikkje minst – Kjeldsberg sjølv.

Relaterte framsyningar