— Vi kan vere oss sjølve, og det går bra! 

Teaterskule i feriane er noko av det kjekkaste vi driv på med her på teateret. Det har vore enormt mange rørande og gøyale stunder. La oss mimre litt!

Sidan 2021 har vi hatt kurs i teaterteknikk, scenekamp og skrekkteater, og dessutan musikal-, sirkus- og klovneskule fleire gonger – alltid i stolt samarbeid med Sunnfjord kulturskule.

Tilbodet er for barn frå åtte år og oppover. Vi hentar inn nokre av dei beste instruktørane i landet, og i løpet av éi veke skaper barna ei framsyining, som dei viser for foreldre og venner på avslutningsdagen. 

Beth Ramfjord var instruktør på fleire teaterskular sommaren 2021 og 2022. Mellom anna hadde ho med seg ein heil gjeng elevar frå 5.-10. klasse på Skywalken i Førde, der dei framførte songar frå den kjende musikalen Cats. 

I haustferien 2022 hadde vi scenekampkurs med instruktør Jeff Pedersen. 

— Vi er så glade for å vere her, så slepp vi å sitte inn og kjede oss heile dagen, sa elevane. 

— Vi lærer å sosialisere og å tore å gjere feil. Vi kan vere fjollete, vi kan vere oss sjølve, og det går bra! 

I vinterferien 2023 hadde vi musikalkurs med instruktør Mariell Christensen til tonefølgje av kulturskulelærar Costello Laptes på tangentar. 

Den rørande tilbakemeldinga frå ein av elevane traff oss rett i hjartet: 

— Det har vore veldig kjekt å møte nye folk. Eg kjende ingen frå før, og no har eg nokre som ventar på meg når eg begynner på vidaregåande til hausten. 

Haustferien 2023 arrangerte vi sirkusskule. Instruktørar frå Fyllingsdalen Teater lærte elevane å henge opp ned og sidevegs og å gjere veldig imponerande sirkuskunstar. 

Vi lærte mykje oppsummerte elevane. 

— Dette kunne eg tenkt meg å fortsette med. Om det kjem eit tilsvarande tilbod i framtida, vil eg anbefale det det på det sterkaste, sa Newton (14) medan hen gjorde opp status for blåmerka. Det blei eit par til i dag også, men så verdt det! 

I 2024 toppa vi sirkusskulen med klovneskule heile 2 gonger, både i vinterferien og sommarferien. Instruktørar frå Latter Event lærte elevane om dei fire hovudfølelsane til klovnen: Glede, tristheit, sinne og redsel.

Elevane lærte at ein klovn er ein som gjer folk glade og får dei til å le.

— Eg vil definitivt vere meir klovn framover, slo ein av elevane fast. Verda treng meir glede.

NRK kom på besøk, og her kan du sjå det fantastiske innslaget som vart sendt på Vestlandsrevyen.

I haustferien 2024 hadde vi skrekkteaterskule med Jeff Pedersen tilbake som instruktør. Masse ungar var påmelde, og det blei skrekkeleg skummelt rundt omkring i heile Nynorskhuset. Vi har knapt kome over det.

Og heilt til slutt. Hugsar du hen som ville fortsette med sirkusskule for alltid? I vinterferien 2025 tok vi rådet til følgje og gjentok suksessen frå 2023. Slik såg det ut:

No i haustferien smeller vi til igjen! Vi forvandlar oss til eit lite teaterensemble når vi arrangerer teaterverkstad for barn i 4.-7. klasse. 

HER kan du lese meir og melde på kidsa.

NB! Fristen er 28. september, så det er ingen grunn til å somle. 

MAT OG DRIKKE MÅ (HELTANE) KLOVNANE HA: Elevane på teaterskulen må ha med matpakke, men det hender at det vankar bollar og saft.

Relaterte framsyningar