Soloshowet til Finn Tokvam – Velkomen – selde ut to fulle salar i Nynorskhuset i april. Vi tok fanden til hjelp og planla to ekstraframsyningar no i slutten av oktober, og korleis går det?

Jau, den eine er allereie utseld, og billettane fyk ut på hin også.
Så vi måtte spørje oss sjølve: Kva meir kan vi gjere for å bøte på den usløkkjelege tørsten etter skakk vestlandshumor, levert av mannen som kallar bokmål for sidemål?
Jau, la oss invitere han tilbake i november også, men då i eit litt anna format saman med Odd-Erik Lothe og Halvor Folgerø. Vi snakkar sjølvsagt om den legendariske julebasaren til Finn-Erix.

— Med og utan velur, seier mannen i senturm for viraken.
Med velur møter du han i Finn-Erix, populærorkesteret som han starta med to av sine beste venner for snart 25 år sidan.
— Finn-Erix har alltid vore eit overskotsprosjekt. Vi har det moro i lag og dyrkar den vestnorske kulturen som vi er så glade i, basar for eksempel. Det har vist seg å slå veldig godt an og er blitt eit fast innslag i Bergen før jul. No kjem vi heim til basarens vogge: Sunnfjord. Det gler vi oss til!

Finn Tokvam trivst best med å jobbe på lag. Mange i Sunnfjord hugsar han sikkert frå samarbeid som «Tyl», ein sorgmunter roman han skreiv saman med Halvor Folgerø, og som blei teater her hos oss i 2010.
I årevis har folk etterlyst eit heilaftans show med Tokvam sjølv på scena.
— Men då må eg vere åleine, har eg tenkt, uansett kor skummelt det er.
Når Finn Tokvam seier åleine, då meiner han åleine – og utan velur. I «Velkomen» gjer han absolutt alt sjølv, frå tekst til regi.
— Du har dei beste folka i alle ledd, med andre ord?
— Hehe, det kan du seie. Eg ville vere heilt fri og ikkje ha nokon andre å skulde på enn meg sjølv. Eg ville styre alt, så om det ikkje hadde gått bra, kunne eg vite at det var dette eg ville fortelje og leve godt med det. Men så gjekk det jo himla bra! Og det er eg stolt over. Det er klart det er moro med suksess, men det kjekkaste er at showet betyr så mykje for folk. Mange seier at dei blir stolte av det dei kjem frå.
— Kvifor er det slik, trur du?
— Folk kan kjenne seg att. Eg trur eg treffer noko som er universelt for oss vestlendingar, ting vi kanskje ikkje tenker over eingong. Humoren er varm, men har samtidig brodd. Og så er showet kjendisfritt.
Tokvam fortel om «Andreas i vikji» og «ho på bruasvae». Bak det heile er det eit slags alvor.
— Folk er kanskje svoltne på noko meir enn tull og fjas og kjendeseri. Eg er ingen skodespelar, så for meg må det vere sant, eg må meine det eg seier. Det må gjere litt ilt for at det skal bli godt. Vestlendingar har denne motsetninga i seg, dette tvisynet, og dei ser tvers igjennom deg, viss det ikkje står noko på spel.
Finn Tokvam stryk oss vestlendingar både med- og motvelurs. Og kanskje er det difor vi likar han så godt?
